Om meg

Eg heiter Nina Merethe Knutsen og  har alltid vore interessert i astrologi, tarot, nær døden opplevelser, tidlegare liv ol. Men det var i  2001 eg tok kurs i meditasjon, kanalisering og healing. Tok reiki-healing kurs i 2003. Det har eg brukt mykje på meg sjølv, vener og familie. Det var ved ein tilfeldighet at eg oppdaga at eg det låg for meg å rense hus. I 2015 hadde min eldste sønn og familien mykje uro i det nye huset sitt. Eg brukte ikkje lang tid for å finne årsaken til problemet. Og det vart ro i heimen.

Sio den tid har eg drevet med  husrens / energirens og øvd meg på vener og familie som slit med uforklarlege hendingar. No tar eg steget og tilbyr mine tjenester via denne sida. .

Korleis eg jobber

Eg har i mange år stilt opp for familie og venner med husrens/ energirens i heimen deira, og rensa energier på min eigen arbeidsplassen min. Resultata er at dei det gjeld får ein bedre livskvalitet, søvn og energi. Når eg skal rense eit hus, går eg inn i meditasjon og ser kva opplysningar eg får. Deretter vert det ein dialog med dei som bur der, samt at vi held kontakten for å sjå kva endringar som skjer. Det har skjedd at eg har vore tilbake etter ei vekes tid for å rense litt ekstra.